Listhaug: Krisepakke gir for lite svar

Frps finanspolitiske talsperson Sylvi Listhaug meiner regjeringsforslaget til kompensasjonsordning for kriseramma bedrifter er for lite konkret.
innenriks

Regjeringa la fredag fram ei kompensasjonsordning for bedrifter under virusutbrotet, der staten mellom anna skal dekkje ein del av dei faste kostnadene for bedrifter som har nedgang i omsetnaden.

Ordninga er jobba fram saman med NHO, Virke og Finans Norge, men Framstegspartiet meiner kompensasjonsordninga gir for få svar.

– Det er veldig bra at dei har jobba så tett med partane. Men det gir litt for lite svar til dei som no sit ute og eig ein frisørsalong eller ei bedrift som nærmar seg kanten av stupet for kvar dag som går, seier Listhaug til NTB.

Ho meiner det trengst avklaringar på to viktige spørsmål: Kvar går grensa for å kunne få støtte? Og kor stor del av faste utgifter skal ein kunne få dekt?

– Det er viktig å få avklart desse forholda raskt, slik at bedriftene veit kva dei har å halde seg til, seier Listhaug.

(©NPK)