LO: – Viktig å sikre arbeid og tryggleiken til vanlege folk

LO meiner at regjeringa med krisepakken som vart lagd fram fredag, langt på veg svarar på kravet om å sikre arbeidsplassane for bedrifter som er hardt ramma.
innenriks

– Eg er glad for at regjeringa legg fram rammer til ei ordning som svarar på dette, og som kan vere eit godt utgangspunkt for vidare behandling i Stortinget, seier LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen.

– Det har vore viktig for LO å få ein modell som hjelper bedriftene med å betale faste utgifter, slik at dei ikkje må leggje ned og at dei som jobbar der, framleis har ein arbeidsplass når denne krisa er over, legg han til.

På pressekonferansen understreka LO-leiaren at han er nøgd med at det no er etablert ei kompensasjonsordning for dei mange bedriftene som over natta måtte stengje verksemda etter ei betydeleg svikt i omsetnaden.

– Det er viktig at styresmaktene no kjem på banen og hjelper vanlege arbeidsfolk gjennom krisa. Dette er folk som har fått yrkesforbod. Folk som frisørar, manuellterapeutar og trafikkskulelærarar som ikkje lenger kan utøve yrket sitt, seier han.

Gabrielsen peika på at det er viktig å sørgje for at støtteordninga får eit ordentleg regelverk slik at ikkje useriøse bedrifter får ei moglegheit til å få eit sugerøyr inn i statskassa.

– Når vi er gjennom dette, skal Noreg framleis ha det beste arbeidslivet i verda og vere det beste landet i verda å bu i, avsluttar LO-leiaren.

(©NPK)