Vestre Viken avviser at unge utanfor risikogrupper ligg i respirator – Budstikka beklagar

At fleire personar mellom 20 og 45 år er innlagt på sjukehus i Bærum – utan underliggjande sjukdommar eller vere i risikogrupper – er feil, meiner Vestre Viken.
innenriks

Onsdag skreiv lokalavisa Budstikka at fleire unge menneske, som ikkje er i risikogruppene, har vorte lagt i respirator på intensivavdelinga på Bærum sjukehus.

Dette avviser helseføretaket Vestre Viken torsdag.

– Vi kjenner oss ikkje igjen i påstanden som Budstikka har sett fram. Vi kan ikkje uttale oss om pasientane grunna teieplikt, men det skisserte bildet stemmer ikkje med fakta, skriv fagdirektør Ulrich Spreng i Vestre Viken HF i ein e-post til Dagbladet.

Torsdag ettermiddag har Budstikka publisert ei orsaking, skriv Medier24.

– Det verste som kan skje ein redaktør, er å publisere opplysningar som ikkje er korrekte. Eg er svært lei meg for dette, og det er ansvaret mitt at opplysningane ikkje var kontrollerte godt nok før publisering, seier sjefredaktør Kjersti Sortland.

(©NPK)