Tre bebuarar smitta på sjukeheim i Bergen

Tre bebuarar og fire tilsette ved Gullstøltunet sjukeheim i Bergen er smitta av koronaviruset. I tillegg er to andre bebuarar sette i isolasjon.
innenriks

Det var på Gullstøltunet at det første tilfellet av smitte blant sykehjemsbebuarar i Bergen vart funne torsdag førre veke, skriv Bergens Tidende.

No er altså ytterlegare to bebuarar smitta. Ingen av dei tre bebuarane er innlagt på sjukehus.

– Vi kan ikkje kommentere tilstanden deira ytterlegare. Men vi vurderer det slik at dei har det best når dei er i dei vande omgivnadene sine og ikkje blir flytta, seier etatsdirektør for sjukeheim i Bergen kommune, Anita Wøbbekind Johansen.

Ytterlegare to bebuarar er sette i isolasjon i vente på prøvesvar, og dei resterande bebuarane på avdelinga er bedne om å halde seg på romma sine. Det er uklart korleis den første bebuaren vart smitta.

(©NPK)