Søreide: Noreg kan ikkje hjelpe dei som likevel reiser utanlands no

Utanriksministeren åtvarar nordmenn som framleis vurderer å reise utanlands mot at norske styresmakter ikkje kan hjelpe dei heim.
innenriks

– Det er det same prinsippet som gjeld i alle situasjonar der vi har reiseråd av denne typen, uttalte utanriksminister Ine Marie Eriksen Søreide (H) på pressekonferansen på torsdag om koronasituasjonen.

Åtvaringa gjekk særleg til nordmenn som framleis vurderer å reise utanlands på påskeferie.

Reiserådet til Utanriksdepartementet fram til 14. april er at alle utanlandsreiser som ikkje er strengt nødvendige, blir rådde frå. Reiserådet kan forlengast, understreka utanriksministeren.

– Vi vil gjere ei ny vurdering av reiserådet neste veke, seinast fredag 3. april. Men som situasjonen er no, blir det verre, ikkje betre.

Forlenger flyavtale

Søreide peikar på at mange land stadig strammar inn reiserestriksjonane sine, og det blir stadig vanskelegare å hjelpe nordmenn heim. Men dei som er utanlands no, skal få hjelp.

Samarbeidet mellom staten og flyselskapa SAS, Norwegian og Widerøe for å flyge folk tilbake til Noreg, blir no forlengde frå 31. mars til 1. mai.

– Det vil likevel vere avhengig av at luftrom er opne og flyplassar er opne, seier Søreide.

Samarbeid med resten av dei nordiske landa

Ho oppmoda alle som har moglegheit til å nytte kommersielle rutefly om å gjere det.

Dei nordiske landa har òg oppretta eit samarbeid slik at nordiske borgarar har moglegheit til å nytte ambassadane til kvarandre for å få assistanse, i land der heimlandet til den det gjeld ikkje har slikt nærvær.

Likevel kan det ta tid for mange:

– Fleire nordmenn på reise må derfor førebu seg på å måtte bli verande i landet dei er i fram til det igjen blir mogleg å reise, seier utanriksministeren.

(©NPK)