Regjering doblar støtta til kompetanseheving i bedriftene

Regjeringa legg 50 millionar kroner ekstra på bordet til kompetanseheving i bedriftene for å hindre permisjonar og oppseiingar.
innenriks

– Det er behov for kompetanseutvikling som kan bidra til at bedriftene kan omstille seg. Vi må gjere det vi kan for at dei som har ein jobb, framleis har han når krisa er over, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H).

Det var opphavleg sett av 55 millionar kroner til bedriftsintern opplæring i 2020. Tilskotet er no auka til 105 millionar kroner.

Det er fylkeskommunane som forvaltar pengane. Støtta blir gitt gjennom arbeidsmarknadstiltaket bedriftsintern opplæring (BIO).

(©NPK)