Rapport: Eksportnæringa kan miste 55.000 jobbar

Dersom koronakrisa held fram til hausten og verdsøkonomien fell, kan ei konkursbølgje i norsk eksportnæring føre til 55.000 tapte arbeidsplassar.
innenriks

Det hevdar ein fersk rapport frå Menon analyse, utført for statseigde Eksportkreditt. Han tek for seg følgjene av koronapandemien for reiseliv, sjømat, prosessindustri, maritim næring og offshore leverandørindustri.

Til saman utgjer desse næringane 70 prosent av norsk eksport, skriv Dagens Næringsliv.

– At vi kan risikere å få 55.000 til utan jobb frå eksportnæringa, illustrerer korleis krisa eskalerer frå dag til dag. Vi går frå stenging til nedsmelting, og eg trur ingen heilt klarer å sjå for seg kva konsekvensar det medfører, seier NHO-sjef Ole Erik Almlid til avisa.

Fryktar konkursar

Ifølgje rapporten kjem reiselivsnæringa til å merke det mest i år, men det er òg bransjen som kjem seg raskast til hektene att.

Prosessindustri og sjømat er godt rusta til å tole krisa, medan det ser mørkare ut for offshore leverandørindustri og delar av maritim næring, der mellom anna mange verft akkurat har kome seg etter oljekrisa.

Utan andre tiltak vil vi derfor om kort tid risikere eit betydeleg tal konkursar i maritim næring og offshore leverandørindustri, står det i rapporten.

Dersom norske verft går konkurs, blir det vanskeleg å erstatte dei, påpeikar Menon-rapporten. NHO meiner det vil gi varige, negative verknader for Noreg.

Treng inntekter

Ulstein Verft på Sunnmøre er eitt av selskapa som er ramma. Verftet har brukt dei siste fem åra på å omstille seg etter oljekrisa i 2014.

– Dette rammar olje-, gass- og offshorekundane våre og cruisereiarlaga. Vi var på full fart inn i nye segment, og var i ferd med å levere den første cruisebåten vår, seier administrerande direktør Gunvor Ulstein til NRK.

Ho seier verftet treng inntekter, og at eit kriselån frå Statens obligasjonslån ikkje hjelper.

Det hastar med å få på plass løysingar for å unngå konkursar, meiner direktør Otto Søberg i Eksportkreditt.

– For nokon vil det dreie seg om veker. Mange av desse selskapa sit i store og solide verdikjeder, med mange underleverandørar med mange små og mellomstore norske bedrifter, seier han.

(©NPK)