Politiet sjekkar hytter og naust som førebyggjande tiltak

Politiet på Os i Bjørnafjorden sjekkar hytter og naust for å sjå at til tjuvar eller andre ikkje utnyttar situasjonen under koronautbrotet.
innenriks

Når fritidseigedommar står tomme, er det òg fare for at innbrotstjuvar vil utnytte situasjonen, men hittil har politiet ikkje kome over tjuvar eller andre som har forbrote seg mot restriksjonane.

– Det er ikkje primæroppgåva, og vi ønskjer ikkje å verke som eit «hytte-politi». Først og fremst ønskjer vi å førebyggje, understrekar kommunikasjonssjefen i politiet, Arne Lutro, overfor Bergensavisen.

(©NPK)