Oslo Børs tok seg inn og enda i pluss

Hovudindeksen på Oslo Børs fall 2 prosent frå start torsdag, men tok seg inn igjen gjennom dagen og enda med ein oppgang på 1,4 prosent.
innenriks

Hovudindeksen enda på 692,04 poeng etter at det hadde vorte omsett aksjar for like under 6 milliardar kroner. Torsdagen vart med det den tredje dagen på rad med oppgang på Oslo Børs.

Equinor-aksjen vart omsett for ein dryg milliard og vart med det igjen dagens mest omsette. For energiselskapet enda likevel dagen med ein liten nedgang på 0,5 prosent

Dagens største oppgang fekk det biofarmasøytiske selskapet PCI Piotech Holding. Dei gjekk opp med 25,6 prosent etter at dei offentleggjorde at dei har fått godkjent eit patent i USA.

IDEX Biometrics, som driv med fingeravtrykksteknologi, vart dagens børstapar med ein nedgang på 6,1 prosent.

Oljeprisen tok seg noko inn gjennom dagen. Ved børsopning låg prisen på eit fat nordsjøolje på 26,56 dollar, medan det ved dagens slutt vart omsett for 26,95 dollar.

Også dei tonegivande børsane i Europa gjekk opp torsdag. FTSE 100 i London gjekk opp med 1,2 prosent, CAC 40 i Paris gjekk opp 1 prosent og DAX 30 i Frankfurt steig 0,5 prosent.

I 17-tida hadde Dow Jones-indeksen i New York ein oppgang på drygt 5 prosent, medan S&P hadde ein oppgang på rundt 4,6 prosent.

(©NPK)