Nye råd til nordmenn i risikogrupper: 1,6 millionar i faresona

Éin av tre nordmenn har høgare risiko for alvorleg sjukdom og død viss dei blir smitta av koronaviruset. No kjem styresmaktene med nye råd for å unngå smitte.
innenriks

Dei nye råda er utarbeidde av Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet og er meint som ei hjelp både til dei som er i risiko sjølv, og til pårørande.

Dei som høyrer til risikogruppene, er eldre over 65 år, og særleg dei over 80 år, personar med hjarte- og karsjukdom, kronisk lungesjukdom, nedsett immunforsvar, diabetes og kreft.

Røyking og fedme kan òg gi auka risiko.

1,6 millionar

– Totalt dreier det seg om cirka 1,6 millionar menneske, sa fungerande assisterande helsedirektør Espen Nakstad då dei nye råda vart lagt fram torsdag.

Helsestyresmaktene oppmodar mellom anna til å kutte ned på dei fysiske besøka og heller ringe.

Høie: – Ver forsiktig

– Du må ikkje besøkje nokon i risikogruppa om du er forkjølt, har feber eller er tungpusta, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H).

Han peikar på at mange personar i risikogruppa trur det vil gå bra, men strekar under at det er viktig å vere forsiktig.

– Vi oppmodar ikkje til total isolasjon, men gir tydelege råd om korleis dei kan ferdast i samfunnet på måtar som gir liten risiko, seier Høie.

(©NPK)