Ni medlemmer i utvalet som skal vurdere koronatiltaka

Det er no klart kven som skal vere med i ekspertutvalet som vurderer om koronatiltaka i Noreg er samfunnsøkonomisk forsvarlege.
innenriks

Utvalet blir leidd av professor Svein Holden frå Universitetet i Oslo, melde Aftenposten onsdag. Med seg får han åtte medlemmer frå Statistisk sentralbyrå, Noregs Bank, NTNU, Oslo Economics, Finansdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet og Helsedirektoratet, skriv TV 2.

Det desse ni personane kjem fram til, skal overleverast til regjeringa den 6. april. To dagar seinare skal regjeringa presentere kva som vil skje med Noreg etter påske.

– Vi må ha effektive tiltak for å handtere pandemien, men med minst mogleg negative økonomiske verknader for samfunnet, seier finansminister Jan Tore Sanner (H) i ei pressemelding.

(©NPK)