Nær dobbelt så mange ber om å få utsett innbetaling til Lånekassen

Koronakrisa fører til at svært mange ber om å utsetje innbetalingar til Lånekassen. Hittil i mars har auken vore på 90 prosent samanlikna med mars 2019.
innenriks

Så langt denne månaden har 23.900 kundar søkt og fått utsett betalinga på studielånet, mot 12.500 i same periode i fjor, opplyser administrerande direktør Nina Schanke Funnemark i Lånekassen.

Ein kan utsetje betalinga til Lånekassen inntil 36 gonger. Ein treng ikkje å opplyse om grunn og kan sjølv ordne det på Lånekassens nettsider.

Lånekassen har utvida søknadsfristen for vårsemesteret med éin månad, til 15. april, for å hjelpe studentar, og jobbar no med Kunnskapsdepartementet om fleire tiltak.

(©NPK)