Museum vil dokumentere koronakvardagen til folk

Teknisk museum i Oslo ønskjer å invitere folk til å fortelje om kvardagen sin under koronakrisa. Målet er å kunne dokumentere og fortelje samtidshistorie.
innenriks

Noreg har ikkje vore i ein tilsvarande situasjon som no i fredstid, og Nasjonalt Medisinsk museum – som er ei avdeling under Teknisk museum i Oslo – ønskjer hjelp til å dokumentere denne perioden for ettertida.

– Vi samlar inn forteljingar frå ulike miljø og enkeltpersonar om korleis korona pregar arbeidskvardagen deira, seier prosjektleiar Ellen Lange ved Nasjonalt medisinsk museum i ei pressemelding.

Målet er å lytte til røyster og forteljingar som går litt under radaren i det offentlege elles.

– Vi ønskjer ikkje minst å høyre frå personar som er knytte til helsevesenet og helseforvaltninga, seier ho.

Dei som blir med på denne dugnaden, kan bruke mobilvideoopptak, tekst eller foto som hjelpemiddel. Interesserte kan kontakte museet viss dei ønskjer å bli med.

Noko av materialet som bli samla inn, kan bli brukt på nettsidene til museet og dessutan i den medisinhistoriske utstillinga på museet.


(©NPK)