Monica Strømdahl tok årets bilde i 2019

Med bildet sitt av Helene Gullis (42) som lèt venner og kjende kjenne på ein kreftkul i brystet, vann frilansfotograf Monica Strømdahl årets bilde i 2019.
innenriks

Strømdahl tok bilde for Aftenposten.

Prisen blir delt ut av Pressefotografenes klubb. I årets jury sat den danske fotografen Sofie Amalie Klougart, Stian Lysberg Solum (NTB), Mariann Dybdahl (Adresseavisen) og Magnus Wennman (Aftonbladet, Sverige).

Dei beskriv bilde som eit estetisk og metodisk godt journalistisk bilde.

Bildet vann òg prisen for beste bilde i kategorien «Dagligliv i Norge». I åtte av dei totalt 15 bilde- og videokategoriane var vinnarane knytte til Aftenposten.

Det gjeld òg Cathrine Hellesøy Harrison som tok bildet som vart kåra til årets nyheitsbilde. Ho tok bildet frå vindauget heime. Bildet viser ambulansen som vart kapra i Oslo i fjor, etter at han hadde krasja inn i ein bygård på Torshov.

Vegard Wivestad Grøtt tok årets sportsbilde for Bildbyrån. Bildet viser ein skuffa Jakob Ingebrigtsen på veg gjennom pressesona etter fjerdeplass på 1.500-meter under friidretts-VM i Qatar.


(©NPK)