Mange av bedriftene i landet meiner dei ikkje har fått hjelp av krisepakkane

Nær halvparten av SMB-medlemsbedriftene meiner dei økonomiske krisetiltaka som har vorte vedtekne til no, ikkje har bidrege positivt for bedrifta deira.
innenriks

Det viser ei undersøking som er gjennomført blant SMB Norges (små og mellomstore bedrifter) medlemsbedrifter denne veka.

47 prosent av bedriftene i undersøkinga svarer at dei omfattande tiltaka som regjering og Stortinget har vedteke, ikkje har bidrege positivt for bedrifta deira.

– Dette er svært urovekkjande tal som viser at det framleis er stor uro i sjølve ryggrada av norsk næringsliv. For at ho ikkje skal brekke, må ytterlegare tiltak på plass så fort som mogleg, seier Olaf Thommessen, administrerande direktør i SMB Norge.

For andre veke på rad har SMB Norge bede medlemsbedriftene sine om å vurdere verknaden av koronautbrotet på bedrifta si. Svara viser ein betydeleg konkursfare blant fire av ti bedrifter. Nær 30 prosent av bedriftene seier at dei no har vanskar med å betale anten avgifter, lønn eller kostnader for lokale.

– Skatte- og avgiftslette må halde fram. I tillegg må dei faste kostnadene for bedriftene kompenserast når marknaden fell bort over natta som følgje av pandemien, understrekar Thommessen.

Regjeringa har varsla at dei kjem med ein ny krisepakke fredag.

(©NPK)