Visjon Noreg selde kosttilskotet i sin eigen nettbutikk. Der står det at produktet «styrker immunforsvar, er betennelse- og virushemmende» og er «viktig i disse tider», skriv Dagen.
Forbrukartilsynet meiner Visjon Noreg medvite har prøvd å utnytte frykta til befolkninga for å bli smitta med koronaviruset for å auke salet.
– Utforminga av marknadsføringa og tidspunktet for publisering taler sterkt for dette, skriv Forbrukartilsynet i varselet sitt, som Dagen har fått tilgang til.
Styreleiar og pastor Jan Hanvold i TV Visjon Noreg vil ikkje kommentere saka overfor Dagen, men gir ein kommentar til Vårt Land.
– Vi har ikkje fått noka melding frå Forbrukartilsynet enno, men vi vil sjølvsagt komme med ei forklaring til dei, seier Hanvold til Vårt Land.
Forbrukartilsynet ber selskapet om å umiddelbart stanse salet eller endre annonseringa, og dei har fått frist til fredag med å komme med sine kommentarar til varselet. Deretter vil forbrukarstyresmaktene på nytt vurdere om vedtaket blir halde oppe, får Vårt Land opplyst.
(©NPK)