Krisepakke får strykkarakter av studentane

Tilbodet til Kunnskapsdepartementet om krisehjelp betyr meir gjeld for studentane. Det vekkjer kraftige reaksjonar.
innenriks

Eit ekstra lån frå Lånekassen på 26.000 kroner. Det er regjeringstilbodet til studentar som no brått har mista biinntekter på grunn av dei drastiske tiltaka for å stoppe koronaviruset.

Uakseptabelt, meiner leiar Marte Øien i Norsk studentorganisasjon (NSO).

– Studentar med deltidsjobb må få økonomisk støtte, ikkje større gjeldsbyrde, seier Øien.

Ho meiner det slett ikkje er hjelp å tilby gjeld som må betalast tilbake.

– No set vi lita vår til at Stortinget rettar opp i denne urettferda, seier ho.

Ap skuffa

På Stortinget får NSO full støtte frå Arbeidarpartiet og SV.

– Eg er veldig skuffa over at regjeringa går inn for ei ordning som berre gir studentane meir lån og gjeld, seier Arbeidarpartiets utdanningspolitiske talsperson Torstein Tvedt Solberg.

Han meiner studentane burde ha fått tilbod om meir stipend i staden.

– Det er trass alt snakk om studentar som får bortfall av inntekt på grunn av krisa, då er ikkje eit lån godt nok, seier Solberg.

SVs finanspolitiske talsperson Kari Elisabeth Kaski meiner forslaget vitnar om manglande forståing for den situasjonen mange studentar no står i.

– Meir lån er ei tung bør å legge på skuldrene til unge menneske. Løysinga er stipend, ikkje lån, seier ho.

Avviser kritikken

Henrik Asheim (H), minister for forsking og høgare utdanning, er for sin del litt overraska over kritikken.

– Der vi er no, går det store skiljet i Noreg mellom dei som er i jobb og utdanning, og dei som ikkje er det. Vi har ei arbeidsløyse på 10,4 prosent. Vi har 250.000 permitterte, seier Asheim til NTB.

– Det vi gjer no, er å løyse eit akutt problem for nokre studentar som ikkje har visst om dei har pengar til å betale husleiga i april. Det veit dei no at dei har.

Asheim er no førebudd på diskusjonar i Stortinget, men seier han har inntrykk av at fleirtalet støttar opp om den linja regjeringa har valt.

Samtidig er lånevilkåra i Lånekassen svært gode, peikar han på.

– Viss du tek heile lånet på 26.000 kroner, så utgjer det 145 kroner i månaden med det rentenivået som er no.

Får alt i éin pott

Forslaget til hjelpepakke inneber òg at studentane får utbetalt lån og stipend for mai og juni saman med utbetalinga for april.

For ein student som får fullt lån og stipend, utgjer dette 27.550 kroner.

Kunnskapsdepartementet har òg bestemt seg for å utsetje fristen for å søkje ordinært lån og stipend hos Lånekassen. Ny frist blir 15. april. Dei som enno ikkje har søkt for dette semesteret, kan dermed framleis gjere det, og studentar som har søkt om mindre enn maksbeløpet, kan søkje om meir.

(©NPK)