Frivillige organisasjonar mistar millionar i gåver under pandemien

Noregs Innsamlingsråd anslår at dei 106 medlemsorganisasjonane deira taper rundt 57 millionar kroner i gåveinntekter i mars.
innenriks

Dersom dei strenge koronatiltaka held fram, fryktar Innsamlingsrådet at medlemsorganisasjonane kan gå glipp av 750 millionar kroner, skriv Vårt Land.

– For mange av medlemmene våre er det ganske kritisk viss det blir ein lang periode med lågare aktivitetsnivå og tapte inntekter. Det blir òg eit tap for samfunnet, for desse ideelle og frivillige organisasjonane sørgjer for å hjelpe og følgje opp blinde. Dei samlar inn pengar til forsking på sjeldne krefttypar, betener vakttelefonar for barn og unge og driv bistandsprosjekt for nokon av dei mest utsette menneska i verda, seier generalsekretær Siri Nodland i Noregs Innsamlingsråd til avisa.

Nodland ber derfor om at folk er solidariske og held fram med å gi til gode formål, sjølv i krevjande tider med permisjonar og inntektstap.

(©NPK)