Fleire kraftselskap set ned nettleiga

For å hjelpe kundar som slit med økonomien på grunn av koronakrisa, reduserer fleire kraftselskap nettleiga.
innenriks

Vesterålskraft Nett i Nordland, Vang Energiverk i Valdres og Eidefoss Nett i Nord-Gudbrandsdalen er blant selskapa som reduserer nettleiga framover eller droppar ho i mars, skriv Nationen.

Dei statlege utgiftene blir fakturerte på vanleg måte.

(©NPK)