Esa godkjenner støtte til små og mellomstore bedrifter

Eftas overvakingsorgan Esa har godkjent støtteordninga som sikrar tilgang til likviditet for små og mellomstore bedrifter på grunn av koronakrisa.
innenriks

Esa konkluderer med at mange av desse selskapa blir ramma av ein akutt mangel på likviditet på grunn av dei økonomiske verknadene av covid-19-pandemien. Sjølv om det er få eller ingen inntekter, må bedriftene framleis betale dei faste utgiftene sine.

Det blir slått fast at for nokre er manglande betalingsevne allereie akutt, medan mange andre sannsynlegvis snart vil møte ein alvorleg likviditetsmangel.

Totalt vil norske styresmakter dekke eit samla lånebeløp på opptil 50 milliardar kroner gjennom ordninga med offentlege garantiar for investerings- og arbeidskapitallån som kredittinstitusjonar yter til denne typen bedrifter.

(©NPK)