Bønder vurderer å droppe jordbærsesongen

Mange bærprodusentar vurderer å droppe årets bærsesong viss ikkje dei får tak i utanlandske arbeidarar til innhøstingen.
innenriks

I ei pressemelding fortel Noregs bærdyrkerlag at innhaustinga av 15.000 tonn bær står i fare, skriv Nationen.

Jordbærbøndene har i over 30 år brukt utanlandsk arbeidskraft, særleg frå Aust-Europa, til å hauste bæra.

– Det er stor uro ute og går. Vi har så mange spørsmål utan svar. Det er ingen som kan lastast for dagens situasjon, men det er veldig stor spenning knytt til ho. Produsentane lurer på kva dei skal gjere, no som dei snart skal plante, seier leiar Olav Etnestad i Noregs bærdyrkerlag.

(©NPK)