Arkivverket gjer nye dokument etter Kielland-ulykka tilgjengeleg på nett

40 år etter ulykka på bustadplattforma «Alexander L. Kielland» er 120.000 dokument om ulykka tilgjengeleg i Digitalarkivet.
innenriks

Fredag er det 40 år sidan plattforma kantra på Ekofiskfeltet i Nordsjøen. Av 212 personar om bord omkom 123 menneske.

– Arkivverket ønsker å bidra til openheit rundt ulykka ved å gjere så mykje som mogleg av dette materialet tilgjengeleg for alle, seier riksarkivar Inga Bolstad i ei pressemelding.

Arkiv etter Kiellandfondet, Stavanger Drilling AS og Sjøfartsdirektoratet, stasjon Stavanger er no publisert i Digitalarkivet. I august i fjor vart granskingsrapporten etter ulykka tilgjengeleg på nettet.

(©NPK)