124 kommunar held på lokale koronareglar

Mange av dei 124 kommunane som har laga eigne reglar for å hindre smittespreiing, ligg i Nord-Noreg, viser ei oppteljing Klassekampen har gjort.
innenriks

Eitt av tiltaka fleire av dei har innført, er å krevje 14 dagars karantene for alle som reiser dit frå Sør-Noreg.

Justisminister Monica Mæland (H) har mant til felles spelereglar, medan fylkesmann Elisabeth Vik Aspaker (H) i Troms og Finnmark har prøvd å få dei ulike kommunane til følgje oppfordringa til styresmakta.

Aspaker har òg prøvd å få kommunane til einast om like reglar i det nordlegaste fylket i landet.

– Dei har så langt ikkje lykkast med å komme til semje. No ventar vi på kva som kjem frå nasjonale styresmakter, seier Aspaker til avisa.

(©NPK)