Camilla Stoltenberg trur koronatiltak vil vare i 18 månader

Folkehelsedirektør Camilla Stoltenberg seier ho trur koronatiltaka vil vare i minst 18 månader.
innenriks

– Det vi gjer no, er å prøve å slå smitten ned så godt vi kan. Får ein det til raskt, vil framleis ein høg del av befolkninga ikkje vere immune. Då er det høg risiko for at smitten blussar opp igjen viss ein slakkar på tiltaka, seier Stoltenberg til NRK.

Ho trur koronaviruset vil vere blant oss til ein vaksine er utvikla.

– Dei mest optimistiske anslaga for ein vaksine er eitt og eit halvt år. Det kan ta lengre tid, og det kan òg tenkjast at ein ikkje får vaksinar, seier ho.

Smittesporing via mobiltelefon

For at styresmaktene skal kunne gjenopne Noreg og samtidig halde smitten nede, vil det krevje ein auke i kapasiteten for testing og smittesporing, ifølgje Stoltenberg. Ho fortel at eit arbeid er i gang med digital automatisert smittesporing via mobiltelefon, der det blir jobba med lovheimlar, sidan teknologien har betydelege personvernutfordringar.

Regjeringa forlengde tysdag fleire av dei drastiske koronatiltaka, og varsla mellom anna at Noreg vil halde fram med å halde barnehagar og skular stengt fram til 13. april. Dette har allereie forårsaka massive samfunnsøkonomiske konsekvensar, og arbeidsløysa er no på det høgaste nivået sidan 1930-talet.

Andre tiltak i ventetida

Stoltenberg strekar under at eit stengt samfunn ikkje kan fungere lenge.

– Vi må få på plass måtar å handtere smitten på som er mindre skadeleg, billegare og meir effektiv medan vi ventar på vaksinar. Då blir testing, digital overvaking, isolasjon og karantene verkemidla som står att, seier ho.

(©NPK)