Fylkesmann vil la dei yngste barna returnere til skulen

Fylkesmannen i Vestland foreslår å la dei yngste barna få gå på skulen som ei gradvis endring i vedtaket om stenging av barnehagar og skular.

Fylkesmann Lars Sponheim foreslår at dei yngste barna kan få gå på skule.   Foto: ARKIV/LL.FOTO

innenriks

I eit brev til Helsedirektoratet som VG har tilgang til, tilrår fylkesmann Lars Sponheim å sjå på om det er «mogleg å tilby opplæring til dei første årstrinna i skulen, til dømes første til fjerde».

Fylkesmannen meiner det truleg vil vere god nok plass i skulebygga til at dette kan skje utan å bryte for mykje med smittevernråda.

– Det at barn ser ut til å bli mindre sjuke av viruset, meiner vi er eit tilleggsmoment for å starte med dei første årstrinna i skulen, står det i brevet.

I første omgang vil barnehagane og skulane halde stengt til 26. mars, men regjeringa skal tysdag fortelje om vidare tiltak for å avgrense spreiing av koronasmitte. Av omsyn til barna og arbeidslivet tek fylkesmannen til orde for å gjere gradvis endringar i vedtaket.