Solberg: – Eg aksepterer Sivertsens grunngiving

– Eg synest sjølvsagt dette er leitt, men aksepterer grunngivinga hans, seier statsminister Erna Solberg om fiskeriminister Geir Inge Sivertsens avgang.
innenriks

Fiskeri- og sjømatminister Geir Inge Sivertsen (H) bad fredag om å få fråtre stillinga si. Frå Statsministerens kontor kommenterte statsminister Erna Solberg (H) avgjerda hans.

– Eg synest sjølvsagt dette er leitt, men eg aksepterer godt grunngivinga hans for dette, og har forståing for at dette etter kvart vart ein veldig vanskeleg situasjon. Samtidig har eg lyst til å seie at Geir Inge ville vorte ein veldig god fiskeriminister med den bakgrunnen han har og den evna han har til å jobbe med andre folk, seier Solberg.

Ho presiserer at Sivertsen vil halde fram som fiskeriminister til neste statsråd.

SV fremja tidlegare fredag eit mistillitsforslag mot Sivertsen etter dei stadige avsløringane om etterlønn, dobbeltlønn og styreverv i strid med stillingsinstruksen.

– Sakene om styreverv og etterlønn har teke alt fokus bort frå den jobben eg som fiskeri- og sjømatminister ønskjer å gjere for å utvikle den viktigaste næringa i Noreg, skriv Sivertsen i ei pressemelding.

Sivertsen tiltredde stillinga som fiskeri- og sjømatminister den 24. januar i år.

(©NPK)