Rolls-Royce sel fabrikk med 770 tilsette i Bergen

Rolls-Royce-konsernet har vedteke å selje fabrikken Bergen Engines. Det er uvisst kva som vil skje med dei 770 tilsette ved fabrikken.
innenriks

Rolls-Royce har gått gjennom motortypane fabrikken produserer, og har konkludert med at dei ikkje passar inn i porteføljen til selskapet, skriv Sysla fredag.

Ifølgje Jon Erik Røv, fungerande administrerande direktør i Bergen Engines, skal Rolls-Royce ha signalisert at dei ønskjer å selje verksemda samla. Salsprosessen startar måndag.

Bergen Engines har dei siste åra vore gjennom fleire rundar med kutt og permisjonar. Det siste tilbodet om sluttpakkar gjekk ut i januar i år.

(©NPK)