Opposisjonen: – Klokt og nødvendig av Sivertsen

Både Senterpartiet og SV meiner det var ei klok og nødvendig avgjerd av fiskeriminister Geir Inge Sivertsen (H) å trekkje seg som statsråd.
innenriks

SV-leiar Audun Lysbakken gir Sivertsen honnør for avgjerda.

– For oss handlar dette om at folk skal behandlast likt i Noreg. Menneske på Nav blir møtt med knallharde reaksjonar viss dei får utbetalt for mykje pengar. Då kan ikkje statsrådar sleppe unna utan reaksjon, seier han.

– Erna Solberg har handtert denne saka dårleg. Ho burde rydda opp før det vart nødvendig med mistillitsforslag i Stortinget for å tvinge fram ei løysing, meiner Lysbakken.

Geir Pollestad i Senterpartiet, som er leiar for næringskomiteen på Stortinget, peikar på at det er nødvendig med ein statsråd Stortinget har tillit til.

– Det er store og viktige saker som skal avgjerast på Stortinget denne våren innanfor både fiskeri og havbruk. Ikkje minst gjeld det saka med systemet for fiskekvotar, seier han.

Raudt-leiar Bjørnar Moxnes meiner det var på tide at Sivertsen gjekk av, noko Raudt bad han om å gjere allereie måndag.

– Vi kan ikkje ha ein statsråd som misbruker etterlønn og hevar dobbel politikarlønn for å kare til seg mest mogleg av skattepengane til innbyggjarane, seier Moxnes.

(©NPK)