Fiskeriminister Geir Inge Sivertsen trekkjer seg

Fiskeri- og sjømatminister Geir Inge Sivertsen (H) bad fredag om å få gå av, opplyser departementet i ei pressemelding.
innenriks

– Sakene om styreverv og etterlønn har teke alt fokuset bort frå den jobben eg som fiskeri- og sjømatminister ønskjer å gjere for å utvikle den viktigaste næringa i Noreg, skriv Sivertsen.

– Næringa fortener ein minister som kan ha fullt fokus på dei oppgåvene som må gjerast for å få dette til. Sakene har òg vorte ei belastning for regjeringa og for partiet mitt, Høgre, skriv han.

Mistillitsforslag

SV fremja tidlegare fredag eit mistillitsforslag mot Sivertsen etter dei stadige avsløringane om etterlønn, dobbeltlønn og styreverv i strid med stillingsinstruksen.

Sivertsen opplyser at han har fråtredd alle styreverv og beklaga søknaden om etterlønn, men opplever at sakene likevel tek all tid og merksemd.

– Då blir det vanskeleg å gjere ein god jobb som fiskeri- og sjømatminister. Det har vege aller tyngst når eg har teke avgjerda mi og bede statsministeren om å få fråtre, skriv han.

Fekk etterlønn

Dagbladet avslørte tidlegare i februar at Sivertsen fekk utbetalt 120.000 kroner i etterlønn som ordførar i Lenvik kommune samtidig som han fekk full lønn som statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet.

Det vart òg kjent at Sivertsen søkte om etterlønn etter at han vart statssekretær.

Sivertsen fekk òg full godtgjersle for fylkestingsverv i Troms og Finnmark etter at han tiltredde som statssekretær i november og seinare som fiskeriminister 24. januar, skreiv VG og Aftenposten