Virusfrykt førte til kjempefall på Oslo Børs

Oslo Børs fall jamt gjennom heile torsdagen. Hovudindeksen enda på 843,19 poeng, ein nedgang på 4,88 prosent. – Frykta har teke heilt over, seier sjeføkonom.
innenriks

Fallet er det største på Oslo Børs på mange år. Ikkje sidan 2015 har Børsen falle meir på éin dag, skriv E24.

Berre denne veka har hovudindeksen falle over ni prosent.

Virusfrykta held fram med å prege marknaden, og alle dei store selskapa på Børsen fall torsdag.

– Frykta har no teke heilt over. Dette er ei formidabel dreiing på berre ei veke, då ein snakka om nye rekordnoteringar på Børsen, seier sjeføkonom Bjørn Roger Wilhelmsen i Nordkinn Asset Management til Dagens Næringsliv.

Heilraudt blant gigantane

Blant dei som det gjekk hardast ut over, var flyselskapet Norwegian. Aksjen gjekk ned 21,6 prosent. SAS gjekk ned 12,4 prosent.

NEL var òg blant dei største taparane torsdag. Hydrogenselskapet fall med 11 prosent.

Oljegiganten Equinor, som hamna øvst i omsetningstoppen, hadde ein nedgang på 5,2 prosent. Aker BP fall med 6,2 prosent, medan sjømatselskapet Bakkafrost fall med 7,7 prosent.

Rekorddyr euro

Ein euro kosta torsdag ettermiddag 10,29 kroner. Så svak har den norske krona ikkje vore sidan euroen vart oppretta i 1999.

– Med den utviklinga vi ser no, er det ikkje så overraskande at krona fell så mykje. Dette treffer absolutt alle som driv med forvaltning på eit eller anna plan, seier valutastrateg Magne Østnor i DNB Markets til Nettavisen.

Oljeprisen fall òg jamt utover dagen. Ved 17-tida kosta eit fat nordsjøolje 51,47 dollar, noko som er ein nedgang på 3,7 prosent.

Børsfall i USA og Europa

Dei tonegivande børsane i Europa var òg sterkt prega av frykt for det nye koronaviruset torsdag.

FTSE 100-indeksen i London fall med 4 prosent, medan CAC 40-indeksen i Paris fall med 4,1 prosent. I Frankfurt sokk Dax 30-indeksen med 3,8 prosent.

Også børsane i USA opna svakt torsdag. På Wall Street fall Dow Jones torsdag morgon 2,3 prosent, Nasdaq 3 prosent, medan S&P fall 2,3 prosent, ifølgje E24.

Viruset prega verdsøkonomien

Følgja av koronaviruset kan bli alvorlege for både Noreg og verdsøkonomien, ifølgje sjeføkonom Øystein Dørum i NHO.

– For økonomien er det ikkje talet på sjuke og døde som betyr noko. Det er tiltaka. Kina har stoppa opp, seier Dørum.

– Når det går i stå i Kina, stoppar det òg opp andre stader, seier han.

(©NPK)