Michelin-stjernedryss over Noreg

Bare Restaurant i Bergen og Under i Lindesnes sikrar seg ei stjerne i den nordiske Michelin-guiden. Seremonien på måndag vart eit stjernedryss for Noreg.
innenriks

Stjernedrysset nådde både Oslo, Trondheim og Stavanger.

På førehand var det likevel knytt ekstra spenning til om Bergen ville få sin første Michelin-restaurant. Det fekk han.

– Det var på tide, sa kjøkkensjef Kristian Bretten Vangen frå Bare Restaurant frå scena då han fekk utmerkinga. Han nytta sjansen til å skryte av lokale råvarer.

– Vi elskar vestkysten i Noreg, sa han.

Restauranten ligg i Bergens børsbygning.

Undervassrestaurant nådde opp

Under i Lindesnes vart òg heidra med ei Michelin-stjerne, under eitt år etter at han opna som Europas første undervassrestaurant.

– Det er heilt vilt. Vi hadde Michelin-stjerne som ambisjon, men etter eit år? Det er uverkeleg, seier den danske kjøkkensjefen Nicolai Ellitsgaard, ifølgje Fædrelandsvennen

Oslo, som frå før har tre restaurantar med éi stjerne, fekk endå ein på laget: Omakase. Sushirestauranten der Vladimir Pak svingar kniven var noko av ei overrasking, då namnet ikkje var å finne blant dei førehandsomtale favorittane.

Det var likevel Speilsalen ved Britannia hotell i Trondheim, og spådommen slo til.

– Ein draum har gått i oppfylling, seier kokken Christopher Davidsen, som tidlegare har vunne sølv i kokkekonkurranse Bocuse d'Or.

Han er fornøgd med å ha henta heim ei Michelin-stjerne, under eitt år etter at restauranten opna.

Trondheim hadde gjennombrotet sitt i denne samanhengen i fjor, då Fagn og Credo skaffa byen dei to første utmerkingane frå Michelin.

Jubel for to stjerner i Stavanger

I Stavanger var det òg grunn til å juble. Der klatra nemleg restauranten Renaa frå éin til to stjerner.

Noregs einaste trestjernersrestaurant Maaemo er ikkje med i den nordiske guiden i år. Det kjem av at restauranten stengde i desember for å flytte. Han opnar igjen i nye lokale 24. februar.

Internasjonal direktør for Michelin-stjernene Gwendal Poullenc kunne måndag fortelje at inspektørane deira alt har sikra seg bordreservasjon i den nye restauranten, men ville ikkje avsløre når dei kjem.

Til saman er det no elleve norske restaurantar med Michelin-stjerner. Næringsminister Iselin Nybø (V), som var til stade under seremonien måndag, er fornøgd med utteljinga.

– For ein kveld! Det er fantastisk at Noreg held fram å markere seg som ein matnasjon i stjerneklasse. Eg håper dette vil bidra til at enda fleire får auga opp for Noreg som ein spennande matdestinasjon, og at det kan inspirere fleire til å satse på restaurant- og matfag, seier ho i ein kommentar sendt til NTB.





(©NPK)