Frå éin til to Michelin-stjerner for Renaa i Stavanger

Renaa restaurant i Stavanger går frå éin til to stjerner i den nordiske Michelin-guiden.
innenriks

– Vi har hatt restaurant i ti år, men vi flytta for ti månader sidan, så han er som ny, fortalde kokken Sven Erik Renaa då han fekk utmerkinga. Han sende ei helsing til staben sin i Stavanger.

– De er fantastiske.

Frå før har òg restauranten Sabi Omakase i same by ei stjerne.

Dei nordiske stjernene vart delt ut under ein seremoni i Trondheim måndag.

(©NPK)