Gynekologen kravde at sakene som var publiserte om han vart fjerna. Advokaten hans, Brynjar Meling, sende på vegner av klienten sin eit krav om mellombels åtgjerd til Oslo byfutembete.
Byfuten i Oslo avviste saka. Gynekologen tapte på alle punkt og må betale sakskostnadene til nettstaden på 34.500 kroner.
Både Document og den ansvarlege redaktøren til nettstaden Hans Rustad var saksøkt.
– Dette er ei viktig avgjerd. Eg tør ikkje tenke på konsekvensane, for heile den norske pressa dersom vi hadde tapt denne saka, seier Rustad.
Avgjerda er prinsipielt viktig for offentlegheit i rettspleia, seier Documents prosessfullmektig advokat Jon Wessel-Aas.
– Det er snakk om ei alvorleg straffesak, kor dømmande rett heilt korrekt ikkje har lagt noka avgrensing på offentleg identifisering av domfelte. Dette eit heilt sentralt prinsipp i eit demokratisk samfunn, seier han.
Gynekologen vart i Nordre Romerike tingrett i november i fjor, dømd til tolv års fengsel for å ha valdtatt sju pasientar. Mannen har nekta straffskuld og dommen vart anka på staden.
(©NPK)