Svær sædcelleskulptur skaper strid i Stange

Ein gedigen sædcelle har utløyst debatt i Stange i Hedmark om pendlarparkeringa ved E6 er den perfekte plasseringa for skulpturen.
innenriks

Stange-ordførar Nils A. Røhne (Ap) meiner at pendlarparkeringa ved Uthuskrysset er den beste staden for den elleve meter høge skulpturen, som skal symbolisere noko av det kommunen kan skryte av, nemleg rike jordbruksressursar og eksport av oksesæd.

– For alle dei tusen som passerer her kvar dag, så opnar skogen seg til det fruktbare og frodige landskapet, seier han til NRK.

Vegvesenet er positive til skulpturen, men ikkje til at den skal plasserast på pendlarparkeringa, opplyser seksjonssjef Hans Martin Asskildt.

Han samanliknar sædcella med ein annan skulptur i Innlandet, nemleg den store elgen ved riksveg 3 i Stor-Elvdal.

– Denne skulpturen vil nok skape interesse og merksemd, slik vi òg erfarer frå elgen i Østerdalen. Det betyr at det må leggjast til rette for skodelystne. Pendlarparkeringa må òg sannsynlegvis omregulerast og blir utvida, noko vi ikkje ønsker, seier han.

Ordføraren er ikkje ferdig med saka.

– Vi skal ha han opp. Viss vi ikkje får lov her, så skal vi ha han opp ein annan plass, men det er her det er best, seier Røhne.

Linda Bakke er kunstnaren som står bak både elg-skulpturen og sædcella.

(©NPK)