Høgres generalsekretær blir statssekretær for samferdsel

John-Ragnar Aarset (46) frå Hallingdal går frå rolla som generalsekretær i Høgre tilbake til sin tidlegare jobb som statssekretær i Samferdselsdepartementet.
innenriks

– Eg hadde eigentleg tenkt å ta ein pause frå partipolitikken, men då eg fekk spørsmål om å bli ny statssekretær på eit felt eg og mange i Høgre brenn sterkt for, kunne eg ikkje seie nei, seier Aarset i ei pressemelding.

Han var statssekretær i same departement frå 2013 til 2015, som den gongen vart styrt av Frps Ketil Solvik-Olsen. No får han likevel KrF-statsråd Knut Arild Hareide som sjef.

– Det skal framleis lukte nylagd asfalt over heile landet. Samtidig er det fleire viktige reformer som skal vidareførast, seier Aarset, som peikar på at sidan dei borgarlege tok over i 2013, har samferdselsbudsjettet auka med 80 prosent.

Aarset tar over for Anders Werp, som har fått ny jobb som direktør ved Modum Bad.

(©NPK)