Grønt lys for utbygging av Tromsø lufthamn

Avinor har gitt det endelege klarsignalet for å starte utbygginga av Tromsø lufthamn, som skal ferdigstillast i 2023.
innenriks

Utbygginga har ein prislapp på 1,1 milliardar kroner.

– Tromsø lufthamn får eit betydeleg løft som vil betre passasjeropplevinga, ta vare på den stadig aukande etterspørselen, og styrke Tromsøs posisjon som arktisk hub, seier divisjonsdirektør Thorgeir Landevaag i Avinor i ei pressemelding.

Det skal byggast ein ny terminal på 10.000 kvadratmeter, med ny avgangshall, innsjekkingsareal, bagasjehall og sorteringshall. Og dessutan nye flyoppstillingsplassar og ny utanlandsterminal. Byggearbeidet startar i år og skal etter planen vere ferdig i 2023.

– Det er svært viktig for oss å kunne tilby Tromsø ei moderne lufthamn, som vil verke både effektiv og moderne, og støtte opp om trafikkauken vi har hatt dei siste åra, seier konsernsjef Dag Falk-Petersen.

(©NPK)