Avinor set av ein halv milliard til framtidig miljøopprydding

Avinors inntekter enda på 11,8 milliardar kroner i 2019, med eit resultat etter skatt på 665 millionar kroner.
innenriks

Driftsinntektene er på nivå med 2018, medan resultatet er om lag halvert på grunn rekneskapsmessig avsetning knytt til framtidig miljøopprydding ved Avinors brannøvingsfelt, kjem det fram av kvartalsrapporten.

I 2018 var resultatet etter skatt 1.169 millionar kroner, mot altså 665 millionar kroner i fjor. Driftsinntektene i 2019 utgjorde 11.785 millionar kroner samanlikna med 11.724 millionar i 2018.

Gjennom året har gjennomsnittleg regularitet og punktlegheit vore høvesvis 98 prosent og 84 prosent.

Avinor har ansvar for 44 statleg eigde lufthamner, og flysikringstenesta for sivil og militær luftfart i Noreg.

(©NPK)