Anne Marie Glosli får ei av dei mektigaste stillingane i landbruket

Anne Marie Glosli tar over som departementsråd i Landbruks- og matdepartementet når Leif Forsell går av etter åtte år.
innenriks

Utnemninga vart stadfesta under statsråd på Slottet i Oslo fredag.

Glosli kjem frå stillinga som ekspedisjonssjef i same departement.

Stillinga som departementsråd i Landbruks- og matdepartementet blir rekna som ei av dei mektigaste stillingane i norsk landbruk. Det er departementsråden som er forhandlingsleiaren i staten under dei årlege jordbruksforhandlingane med bondeorganisasjonane.

Søknadsfristen til jobben gjekk ut 31. januar. Det var i alt sju søkjarar på stillinga som departementsråd.

Noverande departementsråd Leif Forsell offentleggjorde i fjor haust at han ønskte å fråtre frå stillinga etter åtte år i jobben.

– Grunnen til det er enkel – eg har sett på fødselsattesten min, og den viser at eg blir 66 år i januar neste år. Eg har derfor kome til at det no er eit høveleg tidspunkt for å avslutte arbeidet mitt i departementet, sa Forsell til Nationen i fjor haust.

(©NPK)