Stabilt på Oslo Børs

Hovudindeksen på Oslo Børs fall med 0,04 prosent måndag og enda på 946,21 poeng.
innenriks

Equinor var som vanleg mest omsett, og aksjen fall med 0,14 prosent. På omsetningslista følgde deretter NEL (+ 5,1 prosent), Norsk Hydro (+1,0), Telenor (-0,8) og DNB (-0,7).

Rec-aksjen fall måndag med 22,4 prosent. Dette skjedde etter at Kina søndag melde at dei vidarefører straffetoll på silisium frå USA, skriv E24.

Sjømatsektoren på Oslo Børs auka med 0,6 prosent måndag og energisektoren med 0,3 prosent, medan shippingsektoren fall med 0,7 prosent.

Eit fat nordsjøolje vart i 17-tida måndag omsett for 65,10 dollar, omtrent det same som då handelen starta for dagen.

I Frankfurt fall Dax 30-indeksen med 0,1 prosent, medan CAC 40 i Paris fall 0,4 prosent. I London fall FTSE 100-indeksen med 0,3 prosent.

I USA hadde Dow Jones-indeksen stige med 0,2 prosent i 17.15-tida, medan S&P 500 hadde stige 0,4 prosent.

I Asia steig Nikkei-indeksen i Tokyo med 0,1 prosent, medan Hongkong-børsen sokk med 0,9 prosent.

(©NPK)