Venstre-leiaren seier nei til Frp-krav som vil bety reforhandling av regjeringsplattforma

Venstre-leiar Trine Skei Grande seier tvert nei til å innfri eventuelle krav frå Frp som kjem i tillegg til regjeringsplattforma.
innenriks

– Vi står på den regjeringsplattforma vi har inngått, og vi ser ingen grunn til å endre henne, seier Grande til NTB.

Frp truar med å forlate regjeringa dersom ikkje ei liste med krav blir innfridde. NTB har fått stadfesta at krava truleg vil innebere ei form for reforhandling av Granavolden-plattforma.

Ifølgje Frps innvandringspolitiske talsmann Jon Helgheim vil Frp berre vere fornøgd med politiske motytingar som kjem i tillegg til regjeringsplattforma, etter at regjeringsfleirtalet mot Frps vilje vedtok å hente heim ei IS-sikta kvinne og dei to barna hennar frå Syria. Det eine barnet skal ha ein alvorleg sjukdom.

– Eg står veldig godt i avgjerda om å hente heim det barnet. Det har ikkje vore tvil i hjartet mitt nokon gong på at det var ei riktig avgjerd, seier Grande.

Også KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad seier det er uaktuelt å innfri nye krav frå Frp.

– Det at regjeringa hjelper eit sjukt barn med helsehjelp, er ikkje eit grunnlag for at Frp skal kunne presse igjennom ei ny kravliste. Dei fire partia er samde om ei politisk plattform og jobbar ut frå den, seier KrF-leiaren.