Sporveien har fått millionbot etter oljeutsleppet i Oslofjorden

Fire badestrender vart sperra då 28.000 liter fyringsolje hamna i Oslofjorden sommaren 2018. No har Sporveien fått ei bot på éin million kroner.
innenriks

Olja kom frå tre tankar som skulle tømmast inne på området til Sporveien AS på Ryen, skriv NRK.

– Vi forstår godt at vi har fått bota, og vi beklagar veldig det som skjedde, seier kommunikasjonssjef Cato Asperud i Sporveien.

Uhellet skjedde då fyringsanlegget skulle fjernast, som var ein del av miljøprogrammet til Oslo kommune om å fase ut oljefyring i 2020. Tre tankar byrja å leke og dette rann deretter ut i Alnaelva og vidare ut i Oslofjorden.

Sjøbadet på Sørenga vart stengt for badegjester i tre dagar som følgje av oljeutsleppet. Fyringsolja nådde òg Tjuvholmen, Hovedøya og Bleikøya.

Naturvernforbundet, Kystverket, Noregs Miljøvernforbund, Bellona og Miljødirektoratet melde Sporveien etter hendinga for brot på forureiningslova.


(©NPK)