Splid i Frp om vegen vidare

Striden rundt den IS-sikta kvinna er ikkje ei god nok sak å gå ut av regjering på, meiner enkelte i Frp. Andre trur partileiar Siv Jensen har ein god slagplan
innenriks

– Eg synest ikkje dette er ei sak å gå på. Vi kan ikkje stille ultimatum og true med å gå frå regjeringa annakvar månad. Det er frykteleg slitsamt, seier ei kjelde som deltok på Frps gruppemøte på Stortinget onsdag, til Stavanger Aftenblad.

Der vart stortingsgruppa til Frp samde om å levere ei liste med krav til statsminister Erna Solberg som må innfriast om partiet skal bli i regjeringa.

Ein annan som var til stades på møtet, fortel derimot om ei optimistisk forsamling med solide voner om gode gjennomslag. Journalistar som venta på gangen, kunne tidvis høyre både latter og applaus frå Frps grupperom.

– Slagplanen verkar veldig bra. Siv verkar å ha god kontroll og god regi på dette, seier kjelda som peikar på innvandring som eit utgangspunkt for Frp-krava.

(©NPK)