Prinsdal-drapet: Den etterlyste mannen er arrestert i Ungarn

Politiet har arrestert mannen som var etterlyst, sikta for drapet i Prinsdal. 20-åringen vart tatt på grensa mellom Ungarn og Serbia.
innenriks

– Dermed er to menn sikta og arresterte i saka. Arbeidet med å få den sist arresterte til Noreg, er allereie i gang, sa politiinspektør Grete Lien Metlid i Oslo politidistrikt på ein pressekonferanse torsdag ettermiddag.

Politiet har håp om at det vil gå raskare og enklare å få han til landet i og med at det er inngått ein avtale med EU om europeiske arrestordre.

– Vi har sendt papir nedover til Ungarn, men det er for tidleg å seie når han kan vere her. Han har ikkje fått utnemnt nokon forsvarer, sa Metlid.

Den andre som er sikta for drap eller medverknad til drap i saka, ein 18 år gammal mann frå Oslo, vart avhøyrd torsdag.

– Avhøyret vart avslutta for kort tid sidan. Han er ført tilbake til cella og blir framstilt for varetektsfengsling i morgon. Avhøyret held fram i morgon tidleg, sa politiinspektøren på den korte pressekonferansen som vart halden i 17.30-tida.

Politiet har ein meining om rollene dei to har tatt.

– Vi held korta framleis litt tett og sit på ganske mykje informasjon, men det kan skje ytterlegare utvikling i saka, sa Metlid.

Ho tok opp att at det kan bli fleire sikta i saka. Metlid opplyste at politiet framleis har mange folk i arbeid med denne saka, og at dei vil halde trykket oppe i etterforskinga gjennom helga.