Ny administrerande direktør ved Oslo universitetssjukehus

Bjørn Atle Bjørnbeth (57) er ny administrerande direktør ved Oslo universitetssjukehus, har eit samla styre vedtatt. Han tiltrer i stillinga 3. februar.
innenriks

Bjørnbeth er utdanna gastrokirurg og kjem frå stillinga som seksjonsleiar ved Gastro- og barnekirurgisk avdeling.

– Eg er stolt over å bli vist denne tilliten og gler meg til å gå i gang med jobben, seier Bjørnbeth.

Den største oppgåva i åra som kjem, blir realisering av planane for Nye Oslo universitetssjukehus, meiner han.

Bjørn Erikstein gjekk av som direktør ved Oslo universitetssjukehus i juni etter at tilsette varsla at dei ikkje lenger hadde tillit til han.

(©NPK)