Forsikringsselskap fryktar at alle bilane i parkeringshuset på Sola må kondemnerast

Dei 1.300 bilane som står igjen i parkeringshuset på Sola, må truleg kondemnerast, meiner Tryg Forsikring.
innenriks

Bilane har stått i sterk varme og røyklukt, og alle kan truleg vere totalskadd. Prisen kan bli meir enn 320 millionar kroner.

– Med tanke på at det vart over tusen grader inne i bygget, og at vel 1.300 bilar har stått i ei kraftig sterk røyklukt i halvanna veke, fryktar vi at alle bilane kan bli kondemnert. Sjølv dei bilane som på avstand verkar uskadd, kan ha lukt- og sotskader som ikkje vil la seg fjerne, seier takstmann Jostein Tendenes i Tryg Forsikring.

Han er ein av fleire takstmenn som har jobba på staden med å hjelpe kundar som er ramma av det som truleg er Noregs største og dyraste bilbrann nokosinne. Dei 1.300 bilane kan representere verdiar for over 320 millionar kroner.

Det er enno usikkert om heile eller delar av parkeringshuset skal rivast. Det blir truleg avgjort fredag, ifølgje forsikringsselskapet.

Tryg Forsikring har fått inn 120 skadesaker i samband med brannen og har framleis ståande 65 bilar inne i parkeringshuset. Nokre få bilar er tatt ut ved hjelp av ein robot, men dette arbeidet er lagt til sides inntil vidare.

(©NPK)