Børsen marginalt ned torsdag

Hovudindeksen på Oslo Børs fall med 0,04 prosent og slutta på 936,59 poeng torsdag.
innenriks

Mowi var mest omsett, og enda ned 3,92 prosent. Deretter følgde Equinor (+0,87), Telenor (+1,64), DNB (+0,62) og Norsk Hydro (-1,15).

Sjømatsektoren fall med 2,52 prosent, energisektoren steig med 0,69 og shippingsektoren var opp 0,07.

Eit fat nordsjøolje vart omsett for 64,80 dollar, og amerikansk lettolje kosta 58,70 dollar fatet torsdag ettermiddag, begge opp frå onsdag ettermiddag.

I Frankfurt var DAX 30-indeksen ned 0,02 prosent, medan CAC 40 i Paris var opp 0,11. I London var FTS 100 ned 0,43 prosent.

I USA var Dow Jones opp 0,58 prosent i 18.30-tida, medan S&P 500 var opp 0,54.

I Asia avslutta Nikkei-indeksen i Tokyo opp 0,07 prosent, medan Hongkong-børsen steig 0,38 prosent.

(©NPK)