Støre krev at den IS-sikta kvinna blir stilt til ansvar

Arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støre motset seg ikkje at den IS-sikta kvinna (29) og barna hennar blir henta heim, men krev at kvinna blir stilt til ansvar.
innenriks

Partiet meiner at vaksne borgarar som har slutta seg til IS, ikkje bør hentast aktivt tilbake, men at dette er eit unntak.

– Men dersom det er ein føresetnad for å kunne hjelpe eit barn at mor følgjer med, så vil vi ikkje motsetje oss det, seier Støre til NTB.

– Eg vil legge til at norske borgarar som har slutta seg til eller bidratt til IS, må stillast til ansvar for det. Eg føreset at norske styresmakter vurderer handlingane til denne kvinna på den bakgrunnen, held han fram.

(©NPK)