Søreide: – Mor og barn blir henta heim frå Syria på humanitært grunnlag

Norske styresmakter hentar ut eit antatt sjukt barn saman med mora til barnet og søstera til guten frå Al-Hol-leiren i Syria.
innenriks

– Det blir gjort på humanitært grunnlag fordi vi fryktar at det er sjukdom hos barnet, sa utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) på ein pressekonferanse tysdag ettermiddag.

Framstegspartiet har vore klare på at barnet kunne hentast til Noreg, men ikkje viss det innebar at mora òg vart returnert. Partiet har tatt dissens i saka.

Søreide vil ikkje kommentere dette, men seier at Frp har vore med i diskusjonane.

– Frp har gjort synet sitt klart, samtidig som at fleirtalet ønsker å gjere eit forsøk for å hjelpe eit antatt sjukt barn, seier ho.

Søreide strekar under at det har vore ekstraordinære forhold som har gjort at kvinna og dei to barna no blir henta heim, og at fem foreldrelause barn tidlegare er henta heim til Noreg frå Syria.

Krevjande jobb

På spørsmål om andre kvinner no kan rekne med å bli henta heim, svarer Søreide:

– Ingen andre har bedt om bistand til heimhenting, og det innrettar vi oss etter.

Noreg har jobba med å få heim kvinna og barna i lang tid. Det har vore ein uvanleg krevjande jobb å få til, ifølgje Søreide.

– Regjeringa ønsker ikkje til å bidra til å returnere vaksne som har slutta seg til IS, men når det var nødvendig å hente heim eit sjukt barn, gjekk Høgre, Venstre og KrF saman om å hente barnet heim saman med søster og mor, sa ho.

Statsråden gjorde det klart at norske statsborgarar som har bidratt i IS i Syria og returnerer til Noreg, må rekne med å bli straffeforfølgt. Ho viste til PST for vidare spørsmål om dette.

Berre to har bedt om bistand

Utanriksministeren sa vidare at dersom andre kvinner ber om bistand, må dette vurderast på individuelt grunnlag.

– Vi har ingen planar om å yte annan bistand enn det vi no har gitt, seier ho.

Berre to personar internerte i leirar i Syria, har bedt om konsulær bistand, understreka Søreide.

– Den eine har i ettertid sagt offentleg at ho ikkje ønsker slik bistand. Den andre er mora som no returnerer til Noreg saman med dei to barna sine. Dei andre norske borgarane som er i Al-Hol-leiren har ikkje bedt norske styresmakter om hjelp til å returnere til Noreg, sa ho.

Ber om respekt

Den IS-sikta kvinna og hennar to barn vart førte over grensa mellom Syria og Irak ved 14.40-tida norsk tid, ifølgje Aftenposten.

Søreide vil ikkje seie når dei landar i Noreg.

– Vi kjem ikkje til å gi informasjon om kvar dei er, eller når dei kjem tilbake. Det er for å skjerme barna og bidra til at situasjonen ikkje blir komplisert, slik at dei kjem seg heim til Noreg.

Søreide bad om respekt for at barna blir skjerma og ikkje blir dømde eller blir lasta for valet til foreldra sine. Politiet hjelper Utanriksdepartementet i transporten til Noreg.

(©NPK)