PST: Kvinna som blir henta heim frå Syria kan bli arrestert

Den 29 år gamle kvinna som saman med dei to barna sine no blir henta heim frå Syria, risikerer å bli arrestert når ho kjem Noreg, ifølgje PST.
innenriks

– Vi har heile tida sagt at dei som sluttar seg til ISIL må rekne med å bli arrestert i det dei kjem heim. Arrestasjon kan derfor vere ei moglegheit, seier seniorrådgivar Martin Bernsen i PST til Aftenposten.

Den 29 år gamle norsk-pakistanske kvinna er sikta av Politiets tryggingsteneste (PST) for deltaking i dei to terrororganisasjonane Nusrafronten og IS.

Ho og dei to barna hennar, ein son og ei dotter, blir henta ut frå Syria av norske styresmakter tysdag. Det er omsynet til den sjuke sonen (5) som gjer at norske styresmakter no hentar dei heim til Noreg.

Bernsen strekar under at dei ikkje vil offentleggjere på førehand kva steg dei vil ta. Han vil ikkje kommentere kva som kjem til å skje med barna til 29-åringen dersom ho blir arrestert.

Førstestatsadvokat og embetsleiar Jan Glent i Det nasjonale statsadvokatembetet har det påtalemessige ansvaret for saka mot 29-åringen.

– Dei kvinnene som det er grunn til å tru har deltatt i IS, har vorte etterforska. Eit mogleg tvangsmiddel som kan bli brukt, er arrestasjon, seier Glent.

– Det er PST som tar avgjerda om ein eventuell arrestasjon, legg han til

(©NPK)