Mulla Krekars anke forkasta av Høgsterett

Høgsterett har forkasta anken frå mulla Krekar i utleveringssaka. No kan ho hamne i Menneskerettsdomstolen i Strasbourg.
innenriks

Med avgjerda i Høgsterett er det i første omgang opp til Justisdepartementet å bestemme om Krekar kan utleverast til Italia.

Dersom departementet kjem til at han skal utvisast, varslar Krekars forsvarar Brynjar Meling nye rundar i retten med mellombels åtgjerd, stemning og eventuelle ankar.

I tillegg vil han anke han inn til Menneskerettsdomstolen i Strasbourg.

– Vi er i gang med å ta saka til Strasbourg allereie no. I ei vanleg sak måtte vi kanskje ha venta til departementet hadde behandla saka ferdig. Men sidan vi har ei inhabil regjering med vallovnad om å få han ut av landet, meiner vi at grunnlaget er til stades, seier Meling til NTB.

– Politisk spel

Najmuddin Faraj Ahmad, kjend som mulla Krekar, vart 15. juli arrestert av politiet etter at ein italiensk domstol same dag dømde han til tolv års fengsel for terrorforbund. Ifølgje italienske styresmakter leidde Krekar eit terrornettverk kalla Rawti Shax.

Krekar møtte i november i Oslo tingrett. Han nekta då for forholda han er dømd for og sette seg imot utlevering til Italia.

– Saka er berre eit politisk spel, sa Krekar i retten.

Tingretten kom likevel til at Krekar kunne utleverast, ei avgjerd både lagmannsretten og no Høgsterett har halde oppe.

– Saksbehandlingsfeil

Forsvarar Brynjar Meling meiner det har vorte gjort ein saksbehandlingsfeil i tingretten og lagmannsretten, og han er derfor skuffa over at Høgsterett avviser anken.

Bakgrunnen er at Meling har prøvd å få spelt av fleire lydopptak i både tingretten og lagmannsretten som han meiner viser at den italienske dommen er feil.

Lydopptaka var del av etterforskingsgrunnlaget i Italia, men norske rettsinstansar la den italienske dommen til grunn utan å gå nærare inn i han.

– Det hadde vore greitt nok viss dei ikkje hadde fått tilbod om å få bevis for at dommen er feil – og nekta å høyre dei. Dei har valt å lukke auga for openberre feil gjorde av italiensk påtalemakt, seier Meling.

Mulla Krekar kom til Noreg som kvoteflyktning i 1991. Han vart i 2003 arrestert og sikta for terrorrelatert verksemd i Irak. Sidan har han vore involvert i ei rekkje rettssaker, mellom anna om i kva grad han kan utvisast.